Då Risdal Skiklubb blei reorganisert 24.juli 1945 var første sak på dagsorden ei munnleg oppmoding frå ordførar Knut Skauland om idrettsleg samarbeid med Mykland.
Det blei vedtatt å svare at Risdal Skiklubb var villig til å ta opp forhandlingar om samarbeid, hvis det fans verkeleg idrettsinteresserte på Mykland. Mykland Idrottslag hadde då vore sovande sidan 1932.
Samlingsarbeidet tok til og 22.april 1946 blei Idrettslaget Glup stifta. I protokollen heiter det at laget skulle arbeide for breidde og framgang for idretten i heile bygda.
| Trygve Usterud. Bilde frå "Norske Skiløpere" |
Det første styret blei: Trygve Usterud (formann), Bjarne Mjaaland (nestformann), John Høgevold (kasserar) og brørne Erling og Sigurd Sørensen (styremedlemmer). Varamedlemmer: Johan Johansen, Arne Kile og Otto Gjømle.
Det var stor aktivitet i laget, med ski og friidrett som dei store greinene. I ein notis i Tiden 06.06.46 kan ein lese at laget skulle gå i gong med nettball (volleyball). Nettballen var då ganske ny her i landet og svært populær i bygdene frå Åmli og austover, men fekk ikkje fotfeste i Mykland.
Men i ski og friidrett hadde Glup mange gode utøvarar. I begge greinene hadde Glup utøvarar som var blant dei beste i kretsen.
| Bjarne Mjaaland. Bilde frå "Norske Skiløpere" |
Bjarne Mjaaland var den fremste, med gode plasseringar både på ski (langrenn og kombinert) og på friidrettsbanen, der han kom på kretslaget i høgde.
I 1947 flytta han frå bygda for å gå på landsbrukshøgskolen. Men han heldt fram med skisporten og meldte seg inn i landbrukshøgskulens idrettslag og seinare BUL i Oslo. Han blei norsk og nordisk studentmeister i kombinert og deltok mellom anna i Holmenkollen.
Sigurd Sørensen var på kretslaget i diskos og i skihopp kan ein nemne Gudmund Gauslå (seinare òg i kombinert), Ansgar Norli og Ånon, Åbert og Otto Gjømle.
Dessverre avtok aktiviteten i åra 1948-50, særleg på friidrettsbanen. Dette var nok grunnen til at årsmøtet 30.desember 1950 samrøystes vedtok å dele laget igjen.
I vedtaket heiter det mellom anna: "Det eine laget, Risdal Skiklubb, skal fortrinnsvis arbeide for skisport og vere tilslutta Aust-Agder Skikrets. Det andre, Mykland Idrettslag, skal arbeida for friidrett og annan sommarsport og vere tilslutta Aust-Agder Friidrettskrets."
Men det skulle altså bare gå fire år før Risdal Skiklubb la ned arbeidet og idretten i Mykland igjen var samla i "eit rike".