Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Idretten i Mykland

Velkommen til historiesida for idretten i Mykland - ei lita bygd i Froland kommune i Aust-Agder.  Bygda er nok mest kjend for den store skogbrannen som herja i juni 2008. 

Det første idrettslaget i Mykland var Mykland Idrottslag.  Det blei starta etter eit skirenn i 1924, men døydde i 30-åra.  Sidan har det vore fleire idrettslag i bygda. Du finn historia til alle her.  Dei første tretti åra er ganske godt dekka, men etter 1954 er det meir tilfeldige glimt. 

Klubbfargane var raudt og kvitt for Risdal Skiklubb, blått og kvitt for Hynnekleiv Arbeideridrettslag og kvitt og svart for Mykland Idrettslag.  

Deltakarane i Mykland Idrottslags første langrenn på Øvre Lauvrak i 1925.
Frå venstre: Eilif Johnsen, Nils S. Lauvrak, Jens J. Mykland, Nils Gauslå, Olav A. Lauvrak, Olav O. Mykland jr (Aasen), Erling Halvorsen, Olav O. Mjåvatten d.y. (Neset), Berent O. Mykland (Aasen).  Bildet er tatt av Anders O. Mykland (Aasen).

Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har stoff som du meiner bør med eller finn feil!  Eg er òg interessert i å låne gamle bilder, avisutklipp, utstyr o.l. for kopiering/fotografering. 

Les òg om:
Are Johnsens skirenn på Aas
Nygårdsbakken i Arendal (som så skammeleg blei riven i 1999)