Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Are Johnsens skirenn

Resultat 1967        Diplom 1967

Då eg var liten var eg så heldig å ha Ågot og Are Johnsen som nærmaste naboar på Aas.  Dei var som besteforeldre for meg.  Eg var særleg knytt til Are, som då var ein eldre mann, fødd i 1895.  Han kalla meg bare "Boa", eit vanleg kjælenamn på gutar i gamle dagar.

Are var smed og sette opp husa på Aas - Venhaug - i 1947.   Han kunne vere sta og stri, men var glad i folk, spesielt born.  Borneborna hans og eg teikna teikningar til han som han tok godt vare på.  Mange av dei hamna på veggen over senga hans, som sto i stova.  Eg var titt oppe hos han i smia og kvar veke løyste me konkurranseoppgåvene i Allers og Donald Duck saman.  Dessverre døydde han i 1970, då eg var åtte år.   

 

Are og Boa klare for 17.mai 1967!  
Bilde: Gjertrud Knutsen.

Are var kjent langt utanfor Myklands grenser, ikkje minst takka vere skirennet han arrangerte årleg.  Han var elles gammal skiløpar og skyttar og deltok mellom anna i Birkebeinerrennet i 1937 på sjølvlaga ski.  Det var harde tak: "Noen gråt og noen lo", sa han etter å ha gjennomført rennet.  

Skirennet hans starta som eit vanleg grendeskirenn i 1958 og utvikla seg etter kvart til ei massemønstring.  Det siste rennet i 1967 samla  over 150 deltakarar frå fjern og nær.  

Sjølv var eg med dei to siste åra og hugsar begge renna godt.  I det første var eg fire år og julte opp skia med stavane fordi dei ikkje ville gå slik eg ville.  Spesielt var det ille i eit lite sokk der løypa kryssa ein bekk.  Eg gjekk overrende og låg i snøen og skjelte og grein.  Mens Are sto med hendene på knea og hikstlo...  

Det siste året gjekk det heldigvis betre.  Eg har ennå diplomet eg fekk den gongen.  Rennet gjekk på femårsdagen min og eg hugsar at eg gjekk langs den lange rekka med parkerte bilar og fortalde alle at "i dag er eg fem år"! 

Det spesielle med Ares skirenn var at alle var med - her var ingen tilskuarar.  Det var ingen startkontingent og alle fekk premiar og gratis mat og drikke.  Premiar og pengar tagg Are frå bedrifter og privatpersonar - det generte han ikkje det minste.

Ungane gjekk på tid og dei vaksne på idealtid.  Då gjaldt det å gå to runder på mest mulig lik tid eller komme nærmast mulig ei tid som var fastsett på førehand.  Det blei alltid kjempa om aksjer i ein vandrepokal.  

Eg har lyst til å ta med ein artikkel av gode, gamle "Leo" i Agderposten 5.mai 1966 (snøen lå lenge det året!) som skildrar rennet godt: 

"For 8-10 år siden var det at Myklands-mannen Are JONSEN kom på at "i år ville han lage skirenn for alle".  - En liten flokk møtte opp, rennet ble arrangert på ganske kort tid, og ingen la særlig merke til det hele.  Unntatt de som var med da.  De syntes det var ustyrtelig moro, og Are Jonsen lovet at det skulle bli renn året etter også.  

Det ble ikke bare med lovnaden hverken året etter eller de påfølgende år.  Det har holdt på, det er stadig blitt større, stadig morsommere.  Og nå har det vokst seg stort på mange måter.  Så stort at arrangør-staben må utvides - kaffekjelene må utvides, pølsegrytene må utvides, matposenes antall må utvides.  

Hva er det så som gjør dette rennet til slik en folkefest som det nå ser ut til å bli?  

Svaret ligger i den ene setningen: Det er et renn utenom det vanlige.  Et skirenn for alle, og det er nettopp et slikt renn som har alle sjanser til å vokse og bli mer og mer populært.  Et bedre slag for mosjons-idretten kan neppe slåes.  Her kan man være med hva enn slags utstyr man har, hva enn slags drakt man har, og hvor ung eller gammel man er.  Og i år var det som sagt en aldersforskjell på 73 år mellom yngste og eldste deltaker.  3 generasjoner på ski, det må man kalle rekord.  

Her var Tovdals-ordføreren på farten i løypa med ski på bena.  - Her var Myklands kvinnelige skolestyreformann ute i løypa, og her var kriminal-betjenter og skogeiere side om side i felles spor.  Og her var for all del barn.  Glade barn på ski, noen litt "forstøkte" kanskje i starten.  En og annen tåre kom fram på barnekinnet - men hva gjorde det.  Det kunne likegodt ha vært gledestårer over å ha fullført løpet som en liten redsel over å være borte fra far eller mor en stund.  

Vi har god grunn til å trekke fram dette rennet på Ås.  Alle venner av mosjonsidrett og idrett som skal være til moro for absolutt alle støtter oss i en takk til mannen bak ideen og mannen som satte den i verk: Are Jonsen."

Skal tru om ikkje mange idrettsleiarar i dag kunne lære mye av Are.   Den organiserte idretten slit med fråfall og leiarmangel, spesielt blant ungdom og mosjonistar.  La oss få meir idrett og moro utan prestasjons- og utstyrspress og trening fleire gonger i veka - så kjem kanskje folk tilbake til baner og løyper?