Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Fotball 1959-61

Dersom ein ser bort frå Hynnekleiv Arbeideridrettslag i anleggstida, har fotballen i Mykland ingen lang tradisjon.  Mangel på ein skikkeleg idrettsplass og lite folketal må ta hovedskylda for dette.

Fotballinteressa har likevel vore der.  På 50-talet var det faste treningskveldar på Svenesjordet, heilt ut mot elva, og det blei spela ein del treningskampar mellom Hynnekleiv og Herefoss.  I ein av desse kampane kolliderte Herefoss' kjente ski- og friidrettsmann Reidar Andreassen med Birger Aasen i Hynnekleivs mål og blei så hardt skada i beinet at han måtte stå over ein friidrettslandskamp mot Romania like etter.

I 1959 fann gjengen ut at dei ville prøve seg i seriespel, gjekk inn i Mykland IL og meldte seg på i 4.divisjon, som var den lågaste divisjonen på den tida.  Men då Trauma var det einaste andre påmeldte laget, blei 4.divisjon og reservelagsserien slått saman.  

Den gongen gjekk sesongen over haust og vår og seriestart var borte mot Nedenes 2 6.august.   Ei generalprøve mot divisjonskollega Birkenes (som spelte i Vest-Agder) hadde enda med tap 1-11.  

Det var derfor ein spent gjeng som stilte til kamp mot Nedenes 2, men det gjekk betre enn frykta.  Mykland leda 1-0 til det var 10 minutt igjen, men så skåra Nedenes.  To minutt før slutt skåra Nedenes igjen, på straffespark etter hands av ein forsvarsspelar.  Eit bittert tap, men optimismen var likevel stor før neste kamp borte mot Sørfjell 2.  

Men Mykland hadde lite å stille opp mot Sørfjell, som vann heile 12-0.  Vestlandske Tidende skreiv i ein notis: 

"Sørfjell lå godt over hele kampen igjennom og kunne godt hatt flere mål.  Mads Krogh som voktet Sørfjells mål hadde ikke et direkte skudd å ta.  Det er første gangen Mykland stiller fotballag, og guttene har selvsagt mye å lære.  Det var sympatiske gutter som tok nederlaget med godt humør.  Man må jo huske på at det var kretsens beste reservelag de spilte mot og dertil kom en uvant gressbane."

Trøystande ord, men myklendingane hadde likevel fått eit varsel om kva som var i vente.  Første heimekamp gjekk mot Rygene 2 på Dølemo torsdag 3.september.  Det blei ein ny tøff kamp for Mykland.  Tap 2-14 og denne gongen kunne ein ikkje skylde på ein "uvant gressbane"...    

Sanninga var at myklendingane var altfor ferske til å hevde seg mot rutinerte reservelag, der mange av spelarane hadde erfaring frå 2. og 3.divisjon.  Neste kamp, heimekampen mot Nedenes 2, enda med tap 1-7.  Så då hausten var omme var status fire kampar, fire tap og 4-35 i målforskjell.  

Den einaste jamnbyrdige motstandaren var Trauma, men dei hadde problem med å stille lag og trekte seg frå serien før Mykland fekk spelt mot dei.  Vårsesongen fortsette i same stil og Mykland tapte alle dei ti seriekampane.  

 Tabell for 4.divisjon/Reservelagsserien 1959/60 (ein del resultat manglar):

 

1.

Sørfjell 2

8

6

1

1

34 - 13

13

2.

Nedenes 2

8

5

1

2

23 -  7

11

3.

Grane 2

7

4

1

2

33 -  7

 9

4.

Jerv 2

6

3

0

3

31 - 25

 6

5.

Rygene 2

6

2

1

3

29 - 18

 5

6.

Mykland

9

0

0

9

  7 - 87

 0

 

                       Trauma trekte laget.  Grane 2 vant serien til slutt.

Det er beundringsverdig at myklendingane hadde pågangsmot og humør  til å melde seg på serien igjen etter ein slik sesong.  Det verste var at Mykland, som det einaste 4.divisjonslaget i serien, rykka opp til 3.divisjon!  Der skulle dei mellom anna møte A-laga til Grane og Rygene.  Underlege reglar, ville ein seie i dag.  

Den første kampen i 3.divisjon var borte mot Risør søndag 14.august 1960.  Aust-Agder Blad nemnde kampen i ein notis:

"En lett oppgave hadde Risør i fotballkampen på Frydendal søndag mot seriedebutanten Mykland og seiret med hele 12-1.  Mykland fikk sitt trøstemål i første omgang på straffespark.  Gjestelaget hang forøvrig i hva det kunne, men savnet både plan og teknikk.  Hjemmelagets seier kunne da også utvilsomt vært meget større hvis det hadde gått løs på mot-målet med full energi."

Slik gjekk det slag i slag utover hausten: 0-10 heime mot Dristug, 0-5 heime mot ABK,  1-19 borte mot Rygene og 0-17 heime mot Grane.    

Men humøret hadde dei ennå:

 

Overskrift frå Fædrelandsvennen lørdag 10.september 1960 etter kalastapet mot  Rygene...

 

 

Prikken over i'en kom i haustens siste kamp, bortekampen mot Grane på Bjønnes søndag 2.oktober 1960.  Mykland var knapt over midtstreken og Grane sette ny Norgesrekord og vann 24-0, etter 12-0 ved pause!  Heile ni Granespelarar kom på skåringslista og Kristian Zachariassen var kampens store spelar med åtte mål.

 

Myklands legendariske lag som tapte 24-0 mot Grane på Bjønnes.  Framme frå venstre: Bj. Hansen, Aasmund Mykland, Jørgen ?, Birger Otto Myrvang, Knut Helle og Harald Robstad.  Bak frå venstre: Harald Jensen, Arne Flaten, Jens Ivar Aasen, Arne Kittelsen og Ånund Skauland. (Bilde frå Fædrelandsvennen)

 


Tabell for
3.divisjon 1960/61, etter haustsesongen

 

1.

Grane

6

6

0

0

61 -   6

12

2.

Risør

6

5

0

1

31 -   7

10

3.

Rygene

6

3

1

2

38 - 16

 7

4.

Dristug

6

2

1

3

18 - 19

 5

5.

ABK

6

1

0

5

13 - 28

 2

6.

Mykland

6

0

0

6

  2 - 87

 0

 

Etter den elendige haustsesongen blei det mye diskusjon i idrettslaget om ein burde trekke laget frå serien.  Argumenta for å trekke laget gjekk ikkje bare på dei dårlege resultata, men òg på at fleire av spelarane  ikkje kom frå Mykland og dekking av reiseutgifter.  Enden på visa var at det blei kalla inn til ekstraordinært møte på Mykland 26.mars 1961.  Etter mye diskusjon og mange ulike forslag, blei det til slutt vedtatt å trekke seg frå serien, med 10 mot 6 stemmer. 

Ein kort - men minneverdig - epoke var over.  Det skulle gå nærmare 20 år før Mykland IL igjen stilte fotballag i seriespel...