Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Fotball 1979-86

I 1978 starta arbeidet med å få bygd idrettsplass på Mykland.  Mye av arbeidet med plassen blei gjort på dugnad - i alt blei det lagt ned over 500 dugnadstimer på banen dette året.  Og fotballinteressa var stor - steinfyllinga var knapt på plass før fotballen begynte å rulle mellom dugnadsøktene. 

Det viste seg snart at det var grunnlag for å stille eit seniorlag i seriespel - men spørsmålet var kva for ein serie.  Alternativa var 7.divisjon, Bondesliga eller bedriftsserien på Evje.   Med røynslene frå førre gong laget prøvde seg i divisjonsspel i friskt minne, med mellom anna tap 0-24 for Grane, blei det til at ein starta forsiktig og søkte om opptak i bedriftsserien.  

Evje og Omegn Bedriftsserie blei starta i 1976 og besto av reine bedriftslag som Forsvaret og Evje Bygg, bransjelag som Handel & Kontor,  Jord & Skog og Maskin & Anlegg og bygdelag som Iveland, Mykland, Bygland og Årdal frå Byglandsfjord.  Dølemo var òg med eit år.   

Bedriftskampane var omfatta med stor interesse og i tillegg til seriespelet var det og ein eigen bedriftscup.  Cupfinalelaurdagen i månadsskiftet september/oktober var alltid ei stor hending på Evje - og ikkje å forgløyme den store bedriftsfesten for alle laga seinare på hausten.
  

I 1979 blei det for første og siste gong arrangert ein eigen vinterserie for nimannslag på Evje.  Mykland deltok og 5.februar 1979 spelte laget sin første obligatoriske kamp etter 0-24-tapet mot Grane i 1960.  Iveland var motstandar på Evje grusbane og resultatet blei 3-3.  Dei andre kampane gjekk ikkje like bra, men laget vann ein kamp mot Evje Bygg og unngjekk dermed sisteplassen i serien.  

Om resultata ikkje var heilt på topp, ga vinterkampane god trening før den vanlege serien starta utpå våren.  På dei elleve kampane vann nemleg Mykland fire, spelte to uavgjort og tapte fem.  Det ga ein sjetteplass av tolv lag.  I cupen blei det tidleg sorti etter 1-2 mot Handel & Kontor.  Det var likevel heiderlege resultat i debutsesongen - spesielt med tanke på at alle kampane blei spelt på bortebane eller nøytral bane.  Den nye banen på Mykland blei nemlig sådd dette året.



Såpass bra gjekk det, at tankane om divisjonsspel kom fram igjen.  I 1980 melde ein seg derfor på i 7.divisjon, med eit noe forsterka lag.  Som venta blei det tøft - det var mange gode lag i 7.divisjon dette året.  Tapssifre som 0-7, 0-8, 0-11 og 0-14 seier sitt.  Det skilde seg snart ut ein trio med Eidekameratene, Mykland og Austre Moland i bunnen av tabellen og målet for alle var sjølvsagt å unngå sisteplassen.  

Då banen på Mykland ikkje blei klar til seriestart måtte Mykland spele dei tre første kampane på bortebane og tapte alle klart, men 18.mai var det endeleg klart for den første heimekampen, mot Eidekameratene.  Det blei en jamn og spennande kamp, men ikkje særleg velspilt.  Agderposten klarte dagen etter å skrive dette: 

"Bunnoppgjøret i 7.divisjon endte uavgjort 4-4.  Mykland og Eidekameratene gjorde en brukbar forestilling.  Myklands målscorere var: Frank Risdal 2, Kåre T. Risdal og Oscar Hamsun 1 mål."  

Eit par spelarar få i Mykland har høyrt om der...  

Myklands suverent beste spelar dette året var akrobaten Øystein Gauslå i mål, som gong på gong redda Mykland frå endå større nederlag.  Den einaste seieren var 4-1 i heimekampen mot Austre Moland, men heimekampen mot Idun var den mest minnerike. Kåre Usterud ga Mykland leiinga på frispark tidleg i kampen.  Sidan var det einvegskøyring mot Myklands mål, men der sto Øystein som ein levande vegg.  Idun klarte ikkje å skåre meir enn eitt mål og kampen ebba ut med 1-1 og eit svært ufortent poeng til Mykland. 

Det poenget redda Mykland frå sisteplassen på tabellen, med fire poeng og betre målforskjell enn Austre Moland.  Målet blei altså nådd - takka vere Øystein i buret.  Elles var desse "fast inventar" i 1980:

Øystein Gauslå, Olav Ljosland Risdal, Kåre Usterud, Åsulv Bygland, Arvid Gjømle, Oskar Ramse, Åge Nyestøl, Øystein Gjømle, Steffen Mjaaland, Frank Risdal, Gunnar Tore Risdal, Geir Richard Anderson og Svein Gauslå.  Dessutan var Jon Kile, Svein Markussen, Roald Hansen, Oddvar Aas og Kurt Tore Ramse med i enkelte kampar.

Resultat og tabell for 1980




I 1981 fann ein det klokast å gå tilbake til bedriftsserien og meir overkommeleg motstand.  Uheldigvis var den nye grasmatta på Mykland øydelagd av isbrann, slik at banen måtte sås på ny.  Ein måtte derfor igjen spele dei fleste kampane på Evje.  Det gjekk likevel godt og endte med tredjeplass i serien bak Forsvaret og Årdal.  I cupen blei det farvel etter 0-2 mot Årdal i 2.runde.

Faste spelarar i 1981 var Oddvar Aas, Åsulv Bygland, Jon Kile, Kurt Tore Ramse, Oskar Ramse, Kåre Usterud, Øystein Gjømle, Steffen Mjaaland, Vidar Aas, Olav Ljosland Risdal, Frank Risdal og Vidar Ljøstad.  Dessutan var Arvid Gjømle, Reidar Usterud, Gunnar Tore Risdal, Arvid Engenes og Sigvin Hillestad med i enkelte kampar.

 

I 1982 var bedriftsserien svært jamn og spennande.  Mykland kjempa i toppen gjennom heile sesongen, saman med Årdal, Forsvaret, Bygland og TVK (Televerket-Vegvesenet-Kraftverket).  Dessverre brast draumen om seriegull då laget tapte 1-0 mot TVK i nest siste serierunde.  Dermed blei det 4.plass i serien, to poeng etter serievinnar Årdal og med same poengsum som Forsvaret og Bygland på 2. og 3.plass. 

I cupen var det òg nære på.  Mykland kom heilt til semifinalen, men tapte 2-0 for Bygland etter ein jamn kamp.  Setesdølen skreiv dette om kampen fredag 17.september:

"Bygland sikra seg retten til finalespel etter ein jamn kamp mot Mykland tysdag.  Dei to laga delta både spel og sjansar nokså likt mellom seg i 1.omgang.  Men det skulle bli Bygland som fekk ballen i mål då høgrevingen brått sto for opent mål og ikkje kunne unngå å score.  Hovudæra for Bygland sitt leiarmål skal senterløparen Martin Kvåle ha, han gjorde heile forarbeidet til målet.  

I 2.omgang opna Mykland forrykande og hadde Bygland nesten på kne.  Berre uflaks og millimetrar som ikkje var på Mykland si side hindra laget i å få ballen i Bygland-buret.  Men då det ikkje ville lukkast for Mykland, såg Bygland i staden sitt snitt til å setje inn ein sluttspurt og ta over kampen i sluttminutta.  Mål nummer to kom då midtstopparen Bjørn Helge Lund tok eit langt raid oppover banen og smelte til med eit skot som keeper i Mykland sitt mål ikkje hadde sjanse på.  Bygland får altså retten til å møte Forsvaret i finalen, men det må seiast at motstandaren like gjerne kunne blitt Mykland.  Men når fru Fortuna tydelegvis hadde mest sympati for Bygland og dommaren heller ikkje blæs for eit klart straffespark til Mykland, ja då må det nesten ende med tap."

1983-sesongen var lite å skrive heim om.  Mykland klarte bare å vinne tre kampar og endte heilt nede på 8.plass av elleve lag.  I cupen gjekk det heller ikkje så bra.  Iveland blei slått 3-1 i 1.runde, men i 2.runde tapte laget med dei same sifra for Valle.  Lyspunktet var at banen på Mykland igjen kunne tas i bruk, slik at laget slapp å reise til alle kampane.



1984-sesongen blei betre og ga 4.plass i serien etter Årdal, Valle og Forsvaret.   Laget hadde òg ein uforgløymeleg "heimekamp" mot Bygland - les bare her!  Cupinnsatsen var òg god - det blei ikkje stopp før i semifinalen.  Ja, faktisk ikkje der heller.  Denne sesongen ble det nemleg spilt bronsefinale.  Der møttes Mykland og TVK.  Mykland leia 3-0 etter 1.omgang, men TVK sette inn ein veldig sluttspurt og klarte å få ekstraomgangar.  Tilslutt vann TVK 5-4 i ein svært underhaldande kamp, om ein skal tru Setesdølen fredag 5.oktober.  



1985 blei ein sesong på det jamne.  Tre seire, tre uavgjorte og tre tap ga 6.plass av ti lag.  I cupen blei det farvel i 2.runde, etter 2-3 mot Handel & Kontor etter ekstraomgangar.  



1986-sesongen starta tidleg.  Alt helga 18-19.januar var det bedriftsturnering i Otrahallen med Oddeskogen og UNI Forsikring som arrangørar.  Ti lag frå Evjeserien og Kristiansand deltok og det blei spelt alle-mot-alle.  Mykland hamna heilt sist på tabellen, med to uavgjorte og sju tap.

Det skulle dessverre bli symptomatisk for sesongen, som skulle bli  Myklands siste i bedriftsserien.  Dessverre måtte laget trekke seg midt i sesongen.  Året etter stilte ikkje Mykland lag i det heile tatt og i 1988 starta ein ny bolk av klubbens fotballhistorie i Bondesliga.  




TABELLAR

1979 - E
VJE OG OMEGN BEDRIFTSSERIE
VINTERSERIE FOR 9-MANNSLAG

1.

Forsvaret

 5

4

0

1

34 -  7

 8

2.

Ruta

 5

3

1

1

16 - 13

 7

3.

Handel og Kontor

 5

3

0

2

17 - 13

 6

4.

Iveland

 5

1

2

2

11 - 23

 4

5.

Mykland

 5

1

1

3

14 - 24

 3

6.

Evje Bygg

 5

1

0

4

10 - 22

 2



1979 - E
VJE OG OMEGN BEDRIFTSSERIE

1.

Forsvaret

11

9

1

1

35 -  7

19

2.

Maskin & Anlegg

11

8

1

2

34 - 14

17

3.

Lærerne

11

6

2

3

23 - 12

14

4.

Iveland

11

5

3

3

26 - 21

13

5.

Jord & Skog

11

5

2

4

26 - 24

12

6.

Mykland

11

4

2

5

28 - 27

10

7.

Plasten

11

4

2

5

20 - 23

10

8.

Fellesverkstedet

11

4

1

6

12 - 13

 9

9.

Handel & Kontor

11

3

2

6

17 - 31

 8

10.

Ruta

11

2

3

6

21 - 29

 7

11.

Evje Bygg

11

3

1

7

11 - 27

 7

12.

TVK

11

2

2

7

10 - 35

 6

                                                                                                       

1980 -
7.DIVISJON AVDELING A

1.

Hisøy

16

13

2

1

81 -    9

28

2.

Dristug

16

12

2

2

58 -  13

26

3.

Idun

16

8

4

4

53 -  20

20

4.

Lillesandskameratene

16

9

1

6

69 -  23

19

5.

Holt

16

8

2

6

44 -  26

18

6.

Saltrød

16

8

2

6

43 -  28

18

7.

Eidekameratene

16

3

1

12

23 -  79

 7

8.

Mykland

16

1

2

13

17 -  97

 4

9.

Austre Moland

16

2

0

14

21 -114

 4

 

1981 - EVJE OG OMEGN BEDRIFTSSERIE  

1.

Forsvaret

10

9

1

0

33 -  5

19

2.

Årdal

10

7

1

2

26 -  6

15

3.

Mykland

10

6

2

2

27 - 11

14

4.

Maskin & Anlegg

10

6

2

2

24 -  9

14

5.

Bygland

10

5

1

4

19 - 21

11

6.

Evje Bygg

10

3

2

5

16 - 22

 8

7.

Handel & Kontor

10

3

2

5

12 - 21

 8

8.

Fellesverkstedet

10

3

2

5

12 - 22

 8

9.

Jord & Skog

10

2

2

6

15 - 16

 6

10.

Iveland 2

10

2

0

8

13 - 39

  4

11.

TVK

10

1

1

8

11 - 37

 3

OBS! Feil i tabellen: Samla målskår blir 208-209.

  

1982 - EVJE OG OMEGN BEDRIFTSSERIE

1.

Årdal

9

7

0

2

31 - 10

14

2.

Forsvaret

9

4

4

1

31 -  8

12

3.

Bygland

9

5

2

2

24 - 11

12

4.

Mykland

9

5

2

2

23 - 16

12

5.

TVK

9

5

2

2

18 - 14

12

6.

Iveland 2

9

4

0

5

16 - 20

 8

7.

Maskin & Anlegg

9

3

1

5

14 - 19

 7

8.

Jord & Skog

9

1

3

5

 6 - 20

 5

9.

Handel & Kontor

9

2

0

7

 9 - 29

 4

10.

Evje Bygg

9

1

2

6

 7 - 32

 4

Fellesverkstedet trekte laget
OBS! Det kan være feil i tabellen!

  

1983 - EVJE OG OMEGN BEDRIFTSSERIE  

1.

Forsvaret

10

10

0

0

42 -  9

20

2.

Valle

10

 8

1

1

47 - 11

17

3.

Årdal

10

 6

1

3

35 - 14

13

4.

TVK

10

 6

1

3

34 - 27

13

5.

Evje Bygg

10

 5

1

4

23 - 19

11

6.

Bygland

10

 3

2

5

22 - 31

 8

7.

Jord & Skog

10

 3

2

5

21 - 37

 8

8.

Mykland

10

 3

1

6

21 - 26

 7

9.

Handel & Kontor

10

 3

1

6

18 - 25

 7

10.

Iveland 2

10

 2

0

8

  8 - 32

 4

11.

Road Runners

10

 1

0

9

  9 - 49

 2

 

 1984 - EVJE OG OMEGN BEDRIFTSSERIE

Har ikkje slutt-tabell – men denne er nesten komplett!

 1.

Årdal

11

8

3

0

42 - 15

19

 2.

Valle

10

7

1

2

42 - 17

17

 3.

Forsvaret

11

5

3

3

30 - 13

13

 4.

Mykland

11

5

3

3

35 - 21

13

 5.

Bygland

11

6

1

4

35 - 31

13

 6. Evje Bygg 11 5 3 3 21 - 18 13

 7.

TVK

11

4

3

4

26 - 37

11

 8.

Oddeskogen

10

3

4

3

19 - 17

10

 9.

Jord & Skog

11

3

4

4

20 - 27

10

10.

Handel & Kontor

10

2

2

6

14 - 22

 6

11.

Road Runners

10

2

0

8

15 - 39

 4

12.

Iveland 2

11

0

1

10

15 - 53

 1

OBS! Feil i tabellen. Samla målskår blir 314-310.



1985 - EVJE OG OMEGN BEDRIFTSSERIE

  1.

Forsvaret

9

7

1

1

34 -  3

15

 2. Jord & Skog 9 0 2 31 -  6 14
 3. Årdal 9 6 2 1 28 -  4 14
 4. Evje Bygg 9 5 0 4 15 - 15 10
 5. Handel & Kontor 9 5 0 4 19 - 24 10
 6. Mykland 9 3 3 3 18 - 26  9
 7. Oddeskogen 9 2 2 5 14 - 20  6
 8. TVK 9 2 1 6 14 - 35  5
 9. Bygland 9 2 0 7 11 - 27  4
10. Iveland 2 9 1 1 7  8 - 31  3

OBS! Feil i tabellen. Samla målskår blir 192-189.

1986 - EVJE OG OMEGN BEDRIFTSSERIE
TURNERING I OTRAHALLEN 18-19.JANUAR

 1.

Årdal

9

7

0

2

24 - 12

14

 2.

Oddeskogen

9

6

2

1

23 - 15

14

 3.

NRC

9

6

1

2

17 - 10

13

 4.

Høyvoll

9

4

2

3

17 - 14

10

 5.

Hybert

9

4

1

4

23 - 16

 9

 6.

Telesport

9

3

3

3

13 -  9

 9

 7.

TVK

9

2

3

4

12 - 17

 7

 8.

Handel & Kontor

9

2

2

5

10 - 13

 6

 9.

Bygland

9

1

4

4

10 - 24

 6

10.

Mykland

9

0

2

7

10 - 29

 2

 

1986 - EVJE OG OMEGN BEDRIFTSSERIE

 1.

Forsvaret871028 -  415

 2.

Jord & Skog861122 - 1113

 3.

Årdal860238 - 1512

 4.

Dølemo850323 - 1210

 5.

Iveland840414 - 25 8

 6.

TVK830524 - 24 6

 7.

Handel & Kontor821511 - 15 5

 8.

Plasten811612 - 33 3

 9.

Oddeskogen8017 3 - 31 1

Mykland trekte laget

OBS! Feil i tabellen: Ein uavgjort for mye - og samla målskår 175-170.