Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Hynnekleiv AIL

Fotball           Skøyter

Gjennom bygginga av Sørlandsbanen kom det mange anleggsarbeidarar til Hynnekleiv og grendene rundt i slutten av 20-åra og starten av 30-åra.  Dei budde i brakker eller leigde husrom av bygdefolket.  Forholdet mellom arbeidarane og bygdefolket var godt, sjølv om dette var ei tid med hard klassekamp.  

Det var sterkt samhald og mange flinke og driftige folk blant arbeidarane.  På 30-talet var det såleis både arbeidarpartilag, arbeidarkvinnegruppe, arbeidarungdomslag, arbeidaridrettslag, jernbanearbeidarforening og skog- og landarbeidarforening på Hynnekleiv.

Alt dette kunne nok verke noe skremmande på enkelte "innfødde" på den borgarlege sida.  Likevel var altså forholdet mellom bygdefolket og arbeidarane godt, sjølv om det var eindel misnøye med at få av bygdefolket fekk arbeid på jernbaneanlegget. 

Hans Øien. Bildet er utlånt av niesa Annie Seland.

 Hans Øien (1909-1998) kom til Hynnekleiv som "flisegutt" (stikkingsassistent) i 1927 og budde der til 1936, då han flytta til Bakke ved Flekkefjord.  I eit intervju med avisa "Sørlandet" onsdag 18.04.1984, seier han:  

"Det var et gildt folkeferd der borte i Mykland.  Da vi senere kom hit til vest i Vest-Agder merket vi snart forskjell i lynne og humør. Aust-egdene virket mye lettere og mer humørfylte enn vest-egdene."

Hans Øien var ein god skihoppar og fotballspelar og var med i Mykland Idrottslag før idrettslaget på Hynnekleiv blei starta.  Han blei og den første formannen i Hynnekleiv Arbeiderungdomslag.  

Det frilynde ungdomslaget "Malm" på Hynnekleiv blei stifta alt i 1921, men  svært få av arbeidarungdommane var med i dette laget.  Dei ville heller ha sitt eige lag.  Lørdag 3.september 1932 blei derfor Arbeiderungdomslaget "Freidig" - stifta på Rosef skule.  Laget fekk straks 35 medlemmer. 

Arbeiderungdomslagets første styre var: Hans Øien (formann), Jon Hinnebu (nestformann) Andreas Aslaksen (kasserar), Thor Jensen (sekretær) og Sparre Karlsen (styremedlem og hjelpekasserar).  

Eit års tid etter sovna UL Malm inn.  Men Lars Aas (f.1913) og Jakob Haugland (f.1914), som begge var med i UL Malm, seier at dette ikkje skuldast arbeidarungdomslaget.  Det var rett og slett ikkje nok bygdeungdom til å føre laget vidare.  

Hynnekleiv AIL blir til
Idrettsinteressa var stor i arbeidarungdomslaget og det blei fort snakk om å starte eige arbeidaridrettslag.  På eit møte i ungdomslaget lørdag 22.oktober 1932 blei idrettslaget stifta.  Laget talde 22 medlemmer frå starten.  

Det første styret var: Sparre Karlsen (formann), Knut Alfsen Gauslå (sekretær), Ola Knutsen (kasserar og materialforvaltar), Andreas Aslaksen og Ingvar Rishaug (styremedlemmer). 

Det var nært samband mellom laga.  I Tiden 25.oktober 1932 kan ein såleis lese at ei av idrettslagets første oppgaver var å arrangere fest saman med ungdomslaget.  Den første tida kalte begge seg for "Freidig".  Men etter noen veker tok dei namna Hynnekleiv Arbeiderungdomslag og Hynnekleiv Arbeideridrettslag.

Det var naturleg å melde idrettslaget inn i Arbeidernes Idrettsforbund og Aust-Agder Arbeideridrettskrets, som blei stifta året før.  I Tiden 12.desember 1932 heiter det i ein notis: "Idrettslaget på Hynnekleiv i Mykland er nu optatt i Arbeidernes idrettsforbund.  Dette er det 14.lag som gjennem kretsen er optatt i A.I.L.".

Fotball og skøyter var dei to store idrettane i Hynnekleiv AIL,  men laget hadde òg gode skihopparar.  Peder Gauslå, Nils Dalane og Olaf Olsen hevda alle seg blant dei beste i kretsen, spesielt i 1936.  Langrenn var det få som dreiv, men det blei arrangert noen klubbrenn.  

Friidrett, marsjkonkurransar og tautrekking sto òg på programmet.  Anders Aasen hadde ein stor pokal ståande på kontoret i butikken på Hynnekleiv.  Den hadde laget vunne i tautrekking mot AIL Hauk frå Arendal.

Odd Bjørgulf Aasen fortel etter faren Anders om ein stafett i Arendal ein gong på denne tida.  Hynnekleiv låg langt framme.  Nest siste veksling var ved det som blei kalt "Hotel Olsen" i Vestregate, nå Arendal Maritime Hotel.  Men Hynnekleiv-løparen som skulle overta stafettpinnen fann ventetida lang og forkorta den like godt med noen øl på hotellet.  Han var derfor noe ustø då han stilte til veksling.  Det gjekk ikkje betre enn at han snubla i ei trapp like etter at han hadde fått pinnen og kom blodig og forslått til siste veksling.  Anders, som var ankermann, måtte bare konstatere at alle sigersjansar var borte!

Eilif Johnsen køyrde Nils Bellands rute frå 1932 til 1949 og var ofte sjåfør når Hynnekleiv AIL var ute på stemner og kamper.  På turane blei det samla inn pengar for å løne Eilif.  Ofte kunne han få 40-50 kr for jobben.  Det var god betaling den gongen - nesten ei heil vekeløn.  Eilif fortalde at anleggsarbeidarane var greie, men at det kunne ofte bli noe fuktig på desse turane!

Klubben dør
Dei fleste anleggsarbeidarane flytta vestover etter kvart som jernbanen blei ferdig.  Det ser ein òg av protokollen til Aust-Agder Arbeideridrettskrets, som fortel at klubbens medlemstal i 1935 sank frå 38 medlemmer i 1.halvår til 16 medlemmer i 2.halvår. 

Klubben deltok i skøyteløp vinteren 1935/36, men så døde aktiviteten bort.  I kretsens protokoll kan ein lese at Hynnekleiv AIL gjekk inn i 1936.  Kretsen prøvde å gjenreise laget året etter.  "Men det har ikke vært mulig å få interessen op igjen", heiter det i årsmeldinga.

Idretten på Hynnekleiv var likevel ikkje heilt død, men utøvarane var enten "uorganiserte" eller starta for andre lag.  I avisene finn vi såleis  Hynnekleiv-løparar på resultatlistene frå ymse skirenn heilt fram til krigen.  Etter krigen sto både ski og skøyter høgt i kurs.  Olsbu-brørne Nils Kristian, Hans og Olaf og Aasen-brørne Sigmund og Birger tok heim mange premiar.  Og Gudmund Gauslå var i mange år ein av kretsens beste kombinertløparar. 

På femtitalet hadde Hynnekleiv igjen eige fotballag.  Dei var ikkje med i seriespel, men hadde mange harde kampar mot Herefoss.  Så harde at den kjende skiløparen og friidrettsmannen Reidar Andreassen ein gong ødela beinet i ein kamp mot Hynnekleiv og måtte melde avbud til ein friidrettslandskamp helga etter...