Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Hynnekleiv AIL - fotball

Kampar 1933      Kampar 1934      Kampar 1935        B-finalen 1934

Fotball var den største idretten i Hynnekleiv AIL.  Salve Risdal (1916-1996) fortalde at laget fekk ein del av Hauglandsjordene på leigekontrakt for 20 kroner året.  Banen låg like ved den gamle ferjestaden og blei ein stor og fin idrettsplass etter dåtidas målestokk, ca 100 meter lang og 50-60 meter brei.   Dristug frå Åmli spelte òg noen av sine heimekampar der.  Etter kamper og stemner var det gjerne dans.  Det hende og det var politiske foredrag.  I 1933 var det friidrettsstemne med foredrag av sjølvaste Martin Tranmæl.

Då eg var liten fortalde langonkel Ola Knutsen (1901-1976) om denne tida.  Under fotballkampar hende det ofte at ballen gjekk på elva.  Då var det bare å kaste seg uti og legge på svøm.  Onkel Ola og Salve Risdal var begge  faste "ballhentarar".

Det var mange gode fotballspelarar blant anleggsarbeidarane og Hynnekleiv var ein frykta motstandar.  I 1934 spelte dei finale om kretsmesterskapet i klasse B mot Risør AIL på Kloppedalsmyra på Eydehavn.  

Kampen var hard og Hynnekleiv leda 3-2 då Risør utlikna på frispark i siste minutt.   Etter reglane skulle det spelast ekstraomgongar, men Hynnekleiv trekte seg frå desse, fordi dei meinte at det ikkje var frispark og at tida dessutan var ute då Risør skåra.  Risør blei derfor tilkjent sigeren.  Hynnekleiv la inn protest, men den blei avvist av protestutvalet i kretsen.

Trøsta fekk vere at 2.laget gjekk ubeseira gjennom serien og vann kretsmesterskapet i C-klassen det same året..  Bl.a etter ein minnerik kamp der Express 2 blei slått heile 16-1 på Hynnekleiv.  To mann skåra alle Hynnekleivs mål: Kåre Edvardsen (far til Aril i Sarons Dal) hadde ni mål og Salve Risdal sju.  

Express hadde allsidige Arnold "Loll" Bjørklund i mål.  Han var ein god skihoppar og "allround" idrettsmann, men var likevel ingen stor målmann.  Sønnen Arnold Bjørklund jr fortel at faren aldri kunne gløyme denne kampen.  Spesielt hadde Kåre Edvardsen krutt i støvlene, så tilslutt rømte "Loll" likegodt banen når Edvardsen nærma seg mål!

Hynnekleiv AIL's fotballag i heimesydde drakter.  Bildet er tatt på Moy Moner, truleg før ein vennskapskamp mot Express i samband med Fevikstafetten 21.mai 1934.  
Framme f.v.: Egil Liane, Arthur Edvardsen og Thor Jensen?.  I midten f.v.: ukjent, Sparre Karlsen? og Jakob Reierstøl.  Bak f.v.: Alfred Skjold?, ukjent, Oskar Hagen?, Kåre Edvardsen og Hans Øien. 
Bildet er utlånt av John Gauslå.  

Pga. avstandane blei det mest heimekampar, men laget var i  alle fall på eit par langturar.  I 1933 var dei med to lag til Mandal og spelte mot Mandal AIL.  Det gjekk heller dårleg: tap 0-9 for førstelaget og 0-12 for andrelaget.  

Salve Risdal kunne og fortelje at dei var heilt til Bakke ved Flekkefjord pinsa 1935, i Bernt Aasens lastebil.  Då sat dei på benkar på lasteplanet, med eit heimesnekra tak over.  Slik var det heilt vanleg å reise den gongen - tryggleik og komfort  var dei ikkje så nøye på i gamle dagar!

Turen til Bakke har eg ikkje funne noe om i avisene, men den må ha vore eit av dei siste sprella til Hynnekleivs fotballag.  Dei fleste anleggsarbeidarane flytta vestover til Kvinesdal og Flekkefjordsdistriktet på denne tida, så Hynnekleiv-spelarane traff nok gamle kjente på laget til Bakke AIL, som då var nystarta.