Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Hynnekleiv AIL - skøyter

Kretsstatistikk Aust-Agder Arbeideridrettskrets

Ei av lagets første sportslege oppgåver var eit skøyteløp på Skjersæ søndag 11.desember 1932.  Det var stor deltaking og mange tilskodarar i det fine veret.  Banen var nok ikkje kontrollmålt, for tidene var oppsiktsvekkjande gode etter den tids standard og løparane var heller aldri i nærleiken av dei same tidene seinare.  

Asbjørn Alfsen (Gauslå) vann både 500 og 1500 meter med tidene 44.5 og 2.23.5.  Ein skal hugse at Oscar Mathisens legendariske 2.17.4 på 1500 meter då ennå var verdsrekord, så 2.23.5 tilsvarer ei tid langt under to minutt i dag! 

Asbjørn blei snart kretsens beste løpar og vann dei fleste løpa han stilte opp i.  Alt i debuten i AIL Nordlys' løp på Rosholttjernet i Grimstad søndag 19.februar 1933 var han bestemann og vant både 500, 1500 og 3000 meter.  Løpa gjekk under elendige forhold på ein 250 metersbane.  Vinnertidene var 58.9, 3.23.0 og 6.32.8. 

Dette var elles eit av dei få stemnene der 3000 meter sto på programmet.  Seinare gjekk dei 2500 meter i staden.  Det var viktig å ha ei distanse som "dei borgarlege" ikkje hadde!  

Marie Gauslå (1918-2004) til venstre var kretsens beste dameløpar. Her saman med Targerd Lian, seinare Bratteland (1915-1990).

Targerd gjekk òg på skøyter, men deltok bare i klubbløp. 

Marie blei seinare klubbvenninne med Laila Schou Nilsen i Oslo Skøyteklubb og deltok mellom anna i NM på Lillehammer i 1946. 

Ho blei gift Hovland og busette seg i Vikersund.

Bildet er utlånt av nevøen John Gauslå. 


Brørne Anders og Olav Aasen var drivkreftene for skøytesporten i laget.  Anders var rundt 40 år, men likevel ein av dei beste sprintarane i kretsen.  Olav var òg formann for skøyteutvalet i kretsen i ein periode.  Begge hadde elles vore med å starte Mykland Idrottslag ti år tidlegare.

Olav Aasen. 

Bilde frå Eirik Sørsdals bok om arbeidaridretten i Aust-Agder:
 "Frihet-Sunnhet-Kultur"