Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Idrettslaget Glup

Då Risdal Skiklubb blei reorganisert 24.juli 1945 var første sak på dagsorden ei munnleg oppmoding frå ordførar Knut Skauland om idrettsleg samarbeid med Mykland.  

Det blei vedtatt å svare at Risdal Skiklubb var villig til å ta opp forhandlingar om samarbeid, hvis det fans verkeleg idrettsinteresserte på Mykland.  Mykland Idrottslag hadde då vore sovande sidan 1932. 

Samlingsarbeidet tok til og 22.april 1946 blei Idrettslaget Glup stifta.  I protokollen heiter det at laget skulle arbeide for breidde og framgang for idretten i heile bygda.

Trygve Usterud.  Bilde frå "Norske Skiløpere".

Det første styret blei: Trygve Usterud (formann), Bjarne Mjaaland (nestformann),  John Høgevold (kasserar) og brørne Erling og Sigurd Sørensen (styremedlemmer). Varamedlemmer: Johan Johansen, Arne Kile og Otto Gjømle.

Det var stor aktivitet i laget, med ski og friidrett som dei store greinene.  I ein notis i Tiden 06.06.46 kan ein lese at laget skulle gå i gong med nettball (volleyball).  Nettballen var då ganske ny her i landet og svært populær i bygdene frå Åmli og austover, men fekk ikkje fotfeste i Mykland. 

Men i ski og friidrett hadde Glup mange gode utøvarar.  I begge greinene hadde Glup utøvarar som var blant dei beste i kretsen.

Bjarne Mjaaland.  Bilde frå "Norske Skiløpere".

Bjarne Mjaaland var den fremste, med gode plasseringar både på ski (langrenn og kombinert) og på friidrettsbanen, der han kom på kretslaget i høgde.  

I 1947 flytta han frå bygda for å gå på landsbrukshøgskolen.  Men han heldt fram med skisporten og meldte seg inn i landbrukshøgskulens idrettslag og seinare BUL i Oslo.  Han blei norsk og nordisk studentmeister i kombinert og deltok mellom anna i Holmenkollen.

S
igurd Sørensen var på kretslaget i diskos og i skihopp kan ein nemne Gudmund Gauslå (seinare òg i kombinert), Ansgar Norli og Ånon, Åbert og Otto Gjømle.
 

Dessverre avtok aktiviteten i åra 1948-50, særleg på friidrettsbanen.  Dette var nok grunnen til at årsmøtet 30.desember 1950 samrøystes vedtok å dele laget igjen. 

I vedtaket heiter det mellom anna:  "Det eine laget, Risdal Skiklubb, skal fortrinnsvis arbeide for skisport og vere tilslutta Aust-Agder Skikrets.  Det andre, Mykland Idrettslag, skal arbeida for friidrett og annan sommarsport og vere tilslutta Aust-Agder Friidrettskrets."

Men det skulle altså bare gå fire år før Risdal Skiklubb la ned arbeidet og idretten i Mykland igjen var samla i "eit rike".