Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Mykland Idrottslag

Mykland Idrottslag blei stifta på Øvre Lauvrak skule 2.mars 1924, på ein fest etter eit skirenn.  Men det blei drive sport og idrett i bygda lenge før dette.  Alt i 1884 tok lærar Frans Aaneland initiativ til å starte skyttarlag i bygda.  Då var det unionstid og politisk uro i landet, med aukande nasjonalkjensle, folkeleg frigjering og kamp mot embetsmannsstyret.  

Skyttarlaget i Mykland tilhøyrde den såkalla Folkevæbningen, ein viktig del av den nasjonale venstresida i denne striden.  På den andre sida sto "Centralforeningen for Vaabenbrug og Legemøvelser", som organiserte skyttarlag og idrettslag frå 1861.  

Skyttarlaget fekk namn etter Valbergfjellet ved Mykland sentrum, der dei hadde den første banen, og heitte Valberg Skyttarlag heilt fram til 1947.  "Standplassen" var omtrent der skulen ligg nå.  Eilif Johnsen (1904-1998), fortalde at dei skaut med blykuler mot ei steinskive.  Denne steinskiva enda visstnok sine dagar i fyllinga i Røyselandsvegen.    

Den frilynde ungdomslagsrørsla var som Folkevæbningen sentral på den politiske venstresida.  Mange stader finn ein dei same personane bak.  Slik var det òg i Mykland.  I 1892 tok Frans Aaneland initiativ til å starte Ungdomslaget Frihug.  Idrettsøvingar var hyppige innslag i mange ungdomslag på denne tida.  Det er derfor ikkje til å undrast over at idrett på programmet då UL Frihug var vertskap for fylkeslagets sommarstemne på Mykland i 1902. 

Eilif Johnsen fortalde og at det blei arrangert skirenn om vinteren lenge før Mykland Idrottslag blei starta på festen på Øvre Lauvrak 2.mars 1924.  Idretten hadde eit kraftig oppsving i åra etter 1.verdskrigen.  Det blei starta mange idrettslag i by og bygd på denne tida og myklendingane var nok inspirerte av nystarta lag i nabobygdene Dølemo og Vegusdal.  

Det teikna seg 21 medlemmer på festen og eit interimstyre fekk i oppdrag å lage forslag til lover og kalle inn til konstituerande årsmøte.  På årsmøtet 30.mars blei så Anders O. Mykland (Aasen) vald til lagets første formann.  Han fekk med seg Olav O. Mjåvatten (nestformann), Olav A. Lauvrak (kasserar) og Steffen Aavitsland (styremedlem).

Dei første lovene slo fast at laget skulle arbeide for utbreiing av friidrett og ski, og godt samhold og venskap.  Medlemskontingenten blei sett til 2 kroner året for menn og 1 krone for kvinner og medlemmer under 16 år.  Det blei elles vedtatt å melde laget inn i Aust-Agder Distriktslag for Idræt.  

Det første skirennet blei arrangert på Øvre Lauvrak søndag 15.mars 1925, med ni deltakarar i langrenn og fem i hopp.  Langrennet gjekk over 6 km og blei vunne av Eilif Johnsen.  Etter rennet sa Anders O. Mykland (Aasen): "Nå skal eg ta bilde av deg og det skal i protokollen".  Og slik blei det - bildet ser du til venstre. 

Bildet:
Eilif Johnsen vant det første langrennet - i søndagsklede og på hoppski!


Hopprennet blei vunne av Steffen Aavitsland.  Hans lengste hopp målte 24,5 meter.  I protokollen kan ein elles lese at "ingen av rennarane slo eller skamfærde seg"...

17.mai samme år gjekk det første friidrettsstemnet på Mykland.  Det blei konkurrert i sju øvingar: lengde, tresteg, høgde, stavsprang, diskos, spyd og kule.  Elleve spreke karar deltok.  Olav O. Mykland d.y. (Aasen) vann samanlagt, med Erling Halvorsen som nr. 2.  

Friidretten leid under mangel av idrettsplass.  Det blei derfor ikkje til meir enn dei årlege idrettsøvingane på 17.mai. 

Ski var hovudaktiviteten og fram til først i trettiåra blei det arrangert minst eit skirenn kvar vinter.  Eilif Johnsen, Are Johnsen og Aanon Hushovd var alle gode langrennsløparar.  I hopp var Erling Halvorsen, Nils S. Lauvrak og Hans Øien blant dei beste. 

Vanskelege kommunikasjonar gjorde at dei deltok lite i renn utanfor Mykland, men Eilif Johnsen fortalde at han ein gong blei nr. 2 i eit stort renn i Åmli.  Systematisk trening var det ikkje snakk om.  Treninga fekk dei gjennom skogshogst og anna kroppsarbeid.

Protokollen er taus frå 1932.  Då overtok Risdal Skiklubb og Hynnekleiv Arbeideridrettslag idrettsaktiviteten i bygda.  I 1946 gjekk Mykland Idrottslag og Risdal Skiklubb saman i Idrettslaget Glup.  Alt i 1950 skilde klubbane lag og Glup blei oppløyst.  Men i 1954 la Risdal Skiklubb ned arbeidet og sidan har idrettsaktiviteten i bygda vore samla i Mykland Idrettslag.