Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Mykland Idrettslag

Fotball         Ski         Volleyball

Mykland Idrettslag har vore det einaste aktive idrettslaget i bygda frå 1954.  Om ein reknar i sportslege prestasjonar, var storhetstida frå slutten av 1950-talet fram til ca 1970, då klubben hadde mange gode utøvarar i ski og friidrett.  Aadne K. Myklands NM-sølv på femmila i 1958 er det mange som hugsar.  Og i kastøvingar var Austenå-brørne Svein og Arild blant landets beste ti år seinare.

Aadne K. Mykland går inn til NM-sølv på femmila på Ullevål stadion (!) i 1958. 

Det var ein historisk dag med dobbelt sørlandsk - Reidar Andreassen frå Herefoss vant.  

Bildet er henta frå "Norgesrevyen" / "Norwegian Pictorial Review"


Då får det heller vere at fotballaga ikkje har vore mye å skryte av.  Laget frå rundt 1960 var "verst".  Dei deltok i serien i to år og tapte alle kampane, med 0-24 mot Grane på Bjønnes som "høgdepunktet"...

Ski og friidrett var dominerande i laget heilt fram til slutten av 1970-talet, då idrettsplassen på Mykland blei bygd og fotballen begynte å rulle igjen.  I 1979 debuterte ein med lag i Evje og Omegn Bedriftsserie.  Sidan har Mykland IL stilt lag i seriespel nesten kvart år.  Godt gjort med tanke på folketalet i bygda!

På starten av 1980-talet var det eiga volleyballgruppe i laget.  Det blei aldri seriespel, men klubben hadde eit jentelag som spelte turneringar og treningskampar.  To av spelarane frå den gongen, Kari Raustein og Anne Liv Mjaaland Kile, er idag (2001) trenarar for den ivrige gjengen med born som trener volleyball kvar onsdag.   Idag har ein og trimgrupper for damer og herrar.    

Åsulv Bygland laga ei innhaldsrik heimeside for Mykland.  Der kan du lese meir om aktivitetane i idrettslaget og andre ting som skjer i bygda.