Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Mykland IL - ski

I åra rett før og etter krigen var Risdal tyngdepunktet  i skiaktiviteten i bygda, særleg i hoppbakken.  Men på starten av 50-talet minka interessa for hoppsporten på Risdal.  Samtidig voks det fram ein generasjon med gode langrennsløparar, mange frå andre delar av Mykland.  Det blei derfor naturleg å samle aktiviteten i Mykland Idrettslag frå 1954.  

Aadne K. Mykland.  Bilde frå "Norske Skiløpere".

Aadne K. Mykland var sjølvsagt einaren, med andreplassen på femmila under NM i Oslo i 1958 som sin beste prestasjon.  Der blei det dobbelt sørlandsk, med Reidar Andreassen frå Herefoss som seierherre.  

Utan å forringe prestasjonane til Reidar og Aadne, må  det seiest at noen av dei beste ikkje var med.  Begge kvalifiserte seg likevel til den norske troppen til VM på ski i Lahti.  Der fekk Aadne sjansen på 50 km, men måtte dessverre bryte løpet.  

Det seier elles litt om breidda i Mykland at klubben stilte med heile tre lag i KM-stafetten over 3 x 10 km det same året.   Bare Grane og Mykland deltok, med tre lag hver!  Myklands 1.lag vant, med Aadne K. Mykland, Olav Flaten og Guttorm Risdal på laget.    

Andre gode skiløparar på 50- og 60-talet var Gudmund Gauslå (mest kombinert), Knut O. Ramse, Gregorius Mjaaland, Arne Flaten, Kjetil Tveit,  Aslak Mjaaland, Sverre Torgeir Austenå og Aadnes brør Knut og Jon.  På kvinnesida sto det ikkje like godt til, men litt seinare hevda mellom anna Tone Thorsen (nå Birkeland) seg godt i lokale renn.

 
Gode skiløparar som alle har representert Mykland IL.  Øverst frå venstre: Knut O. Ramse, Gudmund Gauslå, Arne Flaten og Sverre Torgeir Austenå.  Nederst frå venstre: Gregorius Mjaaland, Reidar Andreassen og Olav Flaten. Bilda er henta frå "Norske Skiløpere".

Reidar Andreassen gjekk òg for Mykland eit år.  Det var i 1963, då Mykland tok 4.plass i NM-stafetten over 3 x 10 km i Birkenes, med Reidar Andreassen, Aadne K. Mykland og Kjetil Tveit på laget.  

Eit anna høgdepunkt var militært NM i 30 km langrenn med skyting i 1959, der Aadne vant suverent.  Konkurrentane kunne ikkje true han i løypa og løpet blei avgjort då han skaut fullt hus med ti treff av ti moglege. 

Men det var ikkje bare toppar, barneskirenn og skoleskirenn samla også mange deltakarar på 1950- og 60-talet. Nemnast må òg Are Johnsens skirenn på Aas. Det starta som eit lite grendeskirenn i 1958 og utvikla seg etter kvart til ei massemønstring. Det siste rennet i 1967 samla over 150 deltakarar frå fjerne og nær. 

Eit stort hopp: Bildet under er frå åpninga av lysløypa i 1981.  Aadne K. Mykland klipper snora, under oppsyn av dåverande ordførar Ståle Haraldstad.  Bildet er henta frå Agderposten.