Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Nygårdsbakken

Den gamle Nygårdsbakken i Arendal blei bygd i 1917.  Her gjekk det tradisjonelle Nygårdsrennet, der hopparar frå Risdal Skiklubb deltok i 30-åra.

Denne bakken blei rasert under krigen.  Idrettsklubben Grane bygde derfor ein ny bakke eit lite stykke frå den gamle.  Etter iherdig dugnadsinnsats sto den nye bakken ferdig i 1949.  På denne tida var hoppsporten i Mykland på veg nedover, men Ansgar Norli frå Risdal (f. 1928) fortel at han hoppa 58 meter i Nygårdsbakken.  Bakkens historie er uansett så interessant (og trist) at eg har lyst til å ta den med på desse sidene.

Nye Nygårdsbakken var ein av berre tre bakkar i heile landet som blei godkjend som kvalifiseringsbakke for OL i Oslo i 1952.  Bakken blei åpna under vanskelege verforhold 12.februar 1950.  Det første storrennet var Nygårdsrennet 5.mars same år, då verdsmeister Hans Bjørnstad vann med ny bakkerekord på 64,5 meter.  To år seinare forlenga olympiamester Arnfinn Bergmann bakkerekorden til 68 meter.

Dessverre tok det fyr under hoppet 23.juli 1954.  Alf Martin Sandberg skriv i ein artikkel i Agderposten 8.desember 1997:

 "Stokkene var tjærebredde og brannen utviklet seg eksplosjonsartig.  Brannen i det høye tårnet kunne ses langveisfra, og fra Hesnesøyene kunne et øyenvitne fortelle at det hadde sett ut som en "atombombe-eksplosjon" over Arendal.  Brannen begynte trolig i en bu under hoppet, og "løse eksistenser" eller barn ble antatt å ha forårsaket den."

Nygårdsbakken brenn!  

Bilde frå "Norske Skiløpere".

Heldigvis var bakken forsikra, så etter ny dugnadsinnsats sto bakken igjen ferdig 13.november 1955, nesten lik bakken som brann opp.  Den einaste endringa var eit tettare rekkverk ned overrennet, for at tilløpet skulle vere tryggare.  Det kan ein forstå at hopparane ville ha, for stillaset var heile 32 meter høgt!  Og denne gongen blei stolpematerialene impregnert med kreosot, for ein ville ikkje ha nye brannar i bakken.

Det første storrennet var junior-NM i 1957.  Der deltok mellom anna ein ikkje ukjend fotballtrenar ved namn Nils Arne Eggen, som faktisk var ein av landets beste hopparar i sin ungdom. 

Det største rennet var Nygårdsrennet i 1963.  Saman med NM på ski i Birkenes var dette eit høgdepunkt mange i distriktet ennå minnest.  Hopprennet gjekk 2.mars og alle som kunne krype og gå skulle se verdsmeister Toralf Engan og dei andre storhopparane.  Eg gir igjen ordet til Alf Martin Sandberg:

"Fra USA kom LIFE's fotograf ens ærend for å se Engan hoppe, og han ble ikke skuffet.  I sitt tredjehopp presterte Engan det alle hoppere bare drømmer om:  Det perfekte svev, svevet som aldri tar slutt.  Hoppet målte hele 71,5 meter og Engan flyttet derved olympiamester Arnfinn Bergmanns bakkerekord fra 1952 med 3,5 meter.

 Fantastisk!  Dette var første gang det på Sørlandet ble hoppet over 70 meter på ski.  Ikke bare ble det ny bakkerekord, Engan fikk to ganger 19,5 og tre ganger 20 i stil, og det ble diskutert i mange år etterpå hva i all verden to av dommerne trakk for!!  Av 240 mulige poeng, fikk Engan 236,5."

Etter kvart gjekk det lengre og lengre tid mellom kvart renn.  Kommunen overtok bakken, som blei ståande å forfalle.  Det siste rennet gjekk i 1987.  Tida var gått frå bakken som hoppanlegg.  Likevel er det svært trist at Arendal kommune trassa Riksantikvaren og reiv han hausten 1999.  Eit dumt og historielaust vedtak, der dobbelstemma til dåverande ordførar Sigurd Ledaal avgjorde. 

Bakken hadde stor kulturhistorisk verdi og burde ha fått lov til å stå, men sterke krefter i kommunen og skimiljøet (utruleg nok!) klarte å drive gjennom ei riving som kosta lutfattige Arendal kommune nesten ein halv million kroner.  Forstå det den som kan...

Nygårdsbakken - stolt og majestetisk
(bilde: Johan Chr. Frøstrup)

 Her kan du lese meir om Nygårdsbakken:

Teknisk Ukeblad 28.januar 1999

Aftenposten 20.mai 1999

Fædrelandsvennen 13.september 1999

Agderposten 17.september 1999

Elles finn du mye hopphistorie på sidene til Veteranhopp-Norge