Idretten i Mykland

mykland.webs.com

Risdal Skiklubb

Det første kretsrennet på Risdal

Risdal Skiklubb hadde utspring i Risdal Ungdomslag.  Olav Frigstad, Anders Myrstad (Halvorsen) og Eivind og Tallak Risdal frå ungdomslaget, tok saman med Peter Usterud og Gunnar Kile initiativ til klubben, som blei stifta 25.november 1928.  

Det teikna seg straks 22 medlemmer. Peter Usterud blei den første formannen.  Han var formann heilt til den 2.verdskrigen kom i 1940.  I 1933 blei klubben tilslutta Aust-Agder Skikrets.  Det første kretsrennet gjekk av stabelen på Risdal 25.-26.mars 1933. 

Klubben hadde eige emblem med klubbfargane raudt og kvitt. Som namnet fortel skulle den først og fremst arbeide for skiidretten.  Dei første lovene slo fast at det skulle haldast minst eit langrenn og eit hopprenn kvart år.  Dette blei overhalde så lenge klubben var til.  

Gunnar Kile.  
Bilde frå "Norske Skiløpere".
 

Gunnar Kile (1910-1993) fortalde at klubben arrangerte skøyteløp på Lindåstjenna og Mjåvassfjorden rundt 1930. Saman med Olav Frigstad var Gunnar den beste skøyteløparen.  På 500 meter var persen 54.6 - ikkje verst med reimskøyter på beksømsko og utan spesialtrening!

Klubben arrangerte ei mengd kretsrenn på ski med god deltaking frå dei største klubbane i kretsen.  Og saman med Skilaget Ørnen på Evje arrangerte klubben i ei årrekkje det tradisjonsrike Himmelsynarennet 1.påskedag.  

Frå fjern og nær strauma det deltakarar og publikum til dette hopprennet.  Men etter at ein Evjegut fall stygt i 1935, blei det frå året etter arrangert slalåmrenn i staden.  Då kasta sjølvaste Lars Bergendahl glans over rennet.  Han var ein av dåtidas store skiløparar.  Året etter blei han verdsmeister på 18 km og stafett og i 1939 blei hann verdsmeister på 50 km.  Bergendahl viste at han òg meistra slalåm og vann suverent, føre klubbkameraten Fridtjof Berger frå Sørkedalen i Oslo.  

Risdals første bakke blei åpna ved Leite i 1929.  Den blei bygd ut etter kvart og bakkerekorden kom opp i 43 meter før bakken måtte leggjast ned i 1945 pga. vegen som kryssa bakken.  Seinare blei det bygd ny bakke på Risdal. 

Petter Usterud - ein av mange gode hopparar frå Risdal.  Bilde frå "Norske Skiløpere".

Klubben hadde mange gode utøvarar både i langrenn, hopp og kombinert, men hopp var "paradegreina".  Olav Frigstad, Gunnar Kile, Ånon T. Gjømle og Usterud-brørne Petter, Trygve og Erik var alle gode hopparar.  I langrenn var Martin Nordli, Alfred Frigstad og Ivar Mjåland dei beste.  Olav Frigstad og Ivar Mjåland var òg gode i kombinert.

Den største bragda gjorde klubben i 1937, då den vann stafetten i Granes store vårrenn.  Arrangørklubben måtte ta til takke med andreplass.  Det hadde Arendalsavisene vondt for å svelgje.  Dei hevda at Grane mista sigeren pga. dårleg merking av løypa (som altså klubben sjølv var ansvarleg for!).

Ivar Mjåland. Bilde frå "Norske Skiløpere".

På Risdals vinnarlag gjekk Martin Nordli, Petter Usterud, Ivar Mjåland og Alfred Frigstad.  Om ikkje det var nok vann Ivar Mjåland (bilde frå "Norske Skiløpere") kombinert, med heimefavoritten Åge Brekke på andreplass.

Under krigen var det idrettstreik.  Mange stader blei det likevel drive illegal idrett.  Gunnar Kile hugsa at det blei arrangert både langrenn og hopprenn på Mjåland vinteren 1943.  

Sjølv om det ikkje var "offisiell" aktivitet i klubben under krigen, hadde medlemmene likevel halde ymse festar og andre tilstellingar og på dette viset samla inn ca 500 kroner, som kom godt med då klubben skulle reorganiserast sommaren 1945.   

24.juli 1945 hadde det gamle styret med Peter Usterud som formann kalla inn til årsmøte.  Der blei det vald nytt styre med Trygve Usterud som formann.  Men alt året etter gjekk klubben saman med restane av det gamle Mykland Idrottslag, som hadde lege nede i mange år før krigen, i Idrettslaget Glup.  

Då klubbane skilde lag og IL Glup blei oppløyst i 1950, var det semje om at Mykland skulle ta seg av friidretten og Risdal skisporten.  Men interessa var dalande og i 1954 blei klubben meldt ut av skikretsen.  Klubben heldt fram å eksistere på papiret, men i 1960 blei lagets eigedelar overført til Mykland Idrettslag.   

Til slutt noen liner om Asbjørnsens vandrepokal.  Den blei gitt til klubben av Asbjørnsens Tobakksfabrikk i 1934 og vandra bygda rundt i heile 28 år!  Pokalen fann først sin eigarmann i 1962, då Gudmund Gauslå hoppa seg til sitt tredje napp.  Dette må vel vere rekord, sjølv om det ikkje blei tevla om pokalen i fleire år.